Heisann! Eg heiter Ola G. Snippen og er ei kreativ potet. Velkomen til skrivebordet mitt!
Sjølv om «alle» seier ein må finne ei nisje og perfeksjonere denne, nektar eg. Eg er ein kreativ og tenkande generalist med sansen for alt som får ein til å tenke, undre og føle.
Foto er det eg har jobba lengst med, men eg er og over gjennomsnittet interessert i bøker, både skrive, lese, samle og designe dei. Mote, design og estetikk er også noko eg har sansen for, og eg drøymde lenge om å bli mote-designer heilt fram til eg innsåg at eg ikkje er så glad i å sy.
Mine næraste kallar meg engasjert, reflektert og kreativ. Eg er flink til å heie på andre, utvikle gode konsept og gjennomføre nye idear. På denne nettsida kan du sjå det eg driv på med og kva eg kan tilby.
Eg håpar du får ei fin stund her inne - og velkomen att!