OIa G. Snippen bur på eit lite småbruk i Telemark, kalla Lykka. Der jobbar han med foto, kunst og tekstil-handverk. Våren 2023 fullførte han sin bachelor i Kunst, design og handverk ved Høgskulen i Volda, der oppgåva hans handla om korleis å sjå det magiske i naturen. Kjærleiken for natur, resulterte og i merket sovesveis.

Arbeida til Ola kjem ofte frå ein fascinasjon eller undring rundt ein tanke, eit konsept eller eit fenomen. I 2020 gav han ut si første fotobok, «dette er oss», som utforskar nordmannen gjennom analoge foto med ei av Kong Haralds talar som bakteppe. Snippen arbeider ikkje kun med eit materiale, men nyttar dei teknikker og tradisjonar best knytt til det aktuelle prosjektet.

Snippen beskriv seg sjølv som «skikkeleg norsk på visse punkt, og skikkeleg unorsk på andre punkt, det er liksom anten eller” og gjennomgåande er utforskinga av norsk kultur og handverk og kven vi er som folk, og menneske.

 
 

støttespelar
kr 50,00
Hver måned

Ynskjer du å støtte meg i mitt arbeid? Meld deg inn og få fordelar!


✓ gratis frakt
✓ overraskingar

 

bli betre kjent med Ola på instagram: