Ola Snippen er designer og konseptutvikler basera i Telemark og Nordfjord. Han har ein master i kunst, design og handverk, og arbeider i dag mellom anna med kuratering, visuell utforming og merkevarebygging. Arbeidet hans kjem frå eit ynskje om å skape gode produkt/opplevingar som òg kan romme sentimentale verdiar hos kvar enkelt.

I nyhendebrevet får ein tekstar inspirert av brevets form om kunsten og livet. Trykk under for å lese tekstane og abonnere heilt gratis. Då får du, som eit postkort, plutseleg ein tekst i e-post-innboksen din i ny og ne.