Handlaga notatboketui i resteskinn tilpassa deg og ditt liv no og i framtida.
Dette er eit fleksibelt notatboketui i skinn, laga for å vare livet ut. Kvart etui er handlaga i resteskinn og tilpassa deg og dine behov, anten du treng plass til éi eller fleire notatbøker.
Eit notatboketui med strikk gir uendelege moglegheiter for oppsett som passar deg idag og som kan forandre seg saman med deg imorgo. Eg trur på kvalitet over kvantitet, og design som er tidlaust og funksjonelt. I denne samanhengen kan du bruke etuiet på fleire måtar avhengig av interesser, reise, prosjekt - ja, livet generelt.
Under kjem info for å hjelpe deg på veg til eit etui som kan være ein kompanjong livet ut.
Om bestilling og prosessen
Ynskjer du å bestille kan du fylle ut og sende inn spørreskjemaet under (det er ikkje forpliktande). Basera på ynskja dine, kjem eg med eit forslag til design, spesifikasjonar og pris. Når du er fornøgd, betaler du med vipps eller via lenkje. Då sett eg i gong å lage etuiet, og om kort tid er det på veg til postkassa, klart for å være med på reisa di!
Treng du påfyll av notatbøker til etuiet ditt?
Er nokon månadar litt meir hektiske enn andre? Eller kanskje du er som meg og vekslar mellom å bruke kalenderen digitalt og analogt? Då er denne for deg. Kvart oppslag viser ein heil månad med 5 veker der du sjølv fyller inn vekenummer og dato.
A5 (21×15cm)
40 sider, 120gsm kvitt papir
Designa av norske Fluo Paper Co.
Den perfekte gåve til deg sjølv eller nokon du kjenner som alltid har eit garn-prosjekt for handa. I denne boka kan ein skaffe seg oversikt over garn, pinnar, mønster og anna ein treng hugse frå kvart enkelt prosjekt.
A5 (21×15cm)
40 sider, kvitt 120gsm papir
Designa av norske Fluo Paper Co.
Om du ikkje har grøne fingrar, kan denne notatboka hjelpe deg å halde oversikt over kvar plante og kva omsorg den treng. Lim inn eit blad, eller ta eit bilete etter litt tid for å sjå korleis det veks til. Fin gåve til den planteinteresserte.
A5 (21×15cm)
40 sider, kvitt 120gsm papir
Designa av norske Fluo Paper Co.
Min personlege favoritt. Kvar side har 12 ruter til små skisser og idear. Her kan du drodle plakatar, design og teikneseriar raskt og enkelt. Av og til kan rammer vere ein god ide!
A5 (21×15cm)
40 sider, kvitt 120gsm papir
Designa av norske Fluo Paper Co.