eit brev

eit brev

kr 0,00

Bestill eit handskrive brev til deg sjølv eller nokon du tenkjer på. Brevet blir skrive til kvar bestilling og kan innehalde avisutklipp, polaroider eller andre små kunstverk. Prosjektet er ei kunstnarisk-sosial utforsking i mennesket sitt behov for å spreie eigne idear, og kva betydning desse kan ha for mottakaren. Kva du gjer med brevet du mottek, er heilt opp til deg. Du kan dele det i sosiale medier, bruke det som utgongspunkt til ei samtale med folk du er glad i, eller du kan brenne det. Mi makt er å skape brevet, og di makt er kva du vel å gjere med det. Kva vil skje?

Antall:
Legg til i handlevogn

Nyt verktøya du har til å skape!

Døme på innhald

  • tekst, tankar, refleksjoner og spørsmål

  • fotografi, polaroid, print og trykk

  • sitat, avisutklipp og illustrasjonar

Kvifor brev?

På mange måtar er brev meir personleg enn ei samtale saman. Avsenderen sitt åleine med tanken om mottakaren, og skriv uberørt av mottakerens reaksjon.

Eg veit ikkje om eg stolar på den hypotesen, anna enn at eg tenker fortare enn eg fører pennen.

Sosialt eksperiment

Som avsender uten kjennskap til mottaker, er det interessant og skummelt å skrive ned eies tankar og refleksjoner. Ein veit aldri korleis det blir motteke, og kva som skjer vidare med brevet. Vil det vekke noko i lesaren, kjem den til å legge det ut i sosiale medier, kanskje blir det diskutert med nokon den har nær, eller kanskje det blir bruka for å få fyr i peisen.

Eg håpar eit brev kan skape rom for refleksjon - at lesaren tek seg tid til å tenkje over noko den elles truleg ikkje hadde tenkt på.