er eg nødvendig?

Eit familiemedlem sa til meg, ganske direkte og hardt, at det eg driv på med ikkje er naudsynt. Vedkommande har ved fleire høve latt det sige ut, i form av små kommentarar og stikk, at det verkar som eg sitt og tvinner tommeltottar og ventar på at pengar skal kome min veg.

Sjå føre deg covid-karantene utan noko form for film, musikk, litteratur, kunst, fotografi. Eg pleide tenke at kunst ikkje er naudsynt for å overleve, men for å leve. Men kva er meininga med livet, om ikkje å leve? Kunst er naudsynt for å overleve også. Det er ein grunn til at ein finn kunst frå heilt tilbake til byrjinga av sivilisasjonen.

For det første, er pengar suksessens valuta? Er sifferet på bankkonto ekvivalent suksess? Dess høgare tal, dess nærare suksess? For det andre, så jobbar eg mykje hardare for å tjene pengar no, enn eg nokon gong har gjort. Som ansett gjer eg jobben, og eg gjer den godt, men eg slit meg ikkje ut på jobb. Når eg jobbar med eigne prosjekt, slit eg meg ut, fordi eg vil. Men innsatsen eg legg ned, får eg tilbake i ei kjensle av meining med livet. Er ikkje det alt ein søker om her i livet? Meining.

Så kvifor skal ein ta slike kommentarar så personleg? Eg kunne børsta det av meg som ein dum kommentar utan grep om sanninga. Men det grev seg djupare enn som så. Fordi eg gjer det eg meiner eg er satt i livet til å gjere, og ved å seie at det er unødvendig, er eg unødvendig.

Er eg?