Dette er ein mini bokhandel på nett.

Alle bøkene er handplukka og nøye kuratert. I ei digital verd, ynskjer eg å tilby ei oppleving av ein menneskeleg handel. Difor er kvar bestilling pakka inn i brunt papir, hyssing og med ei lita overrasking inni. Overraskinga er laga til kvar bok av ein ukjent norsk kunstnar.

Bøkene er i høgste kvalitet både innvendig og utvendig. Dei er trådbundne som gjer at dei vil vare livet ut, og vel så det. Der det lar seg gjere, er boka kjøpt direkte frå forfattaren, slik at hen får så mykje som mogleg for arbeidet sitt.

Kjem snart

Kjem snart

Desse krava er stilt til bøkene i denne digitale bokhandelen:

  • trådbunden innbinding: lima bøker vil etter nokre år bli sprø og sidene kan falle ut. Ved å bruke både lim og saum i ryggen, varar dei så mykje lenger.

  • høg kvalitet i alle ledd: dette er bøker der innhald, utforming, og alle andre sider ved bok-kunsten er av høgste kvalitet. Dette er bøker du kan lese igjen og igjen.

  • ein inspirerande utsjånad: dei seier ein ikkje skal dømme boka på omslaget, men eit godt omslag kan heve ei lesaroppleving, tenkjer eg.

Ved kjøp får du ikkje berre boka. Du får og noko av det følgande:

  • ei oppleving av å pakke den opp

  • ein zine om boka, eller tematikken i den

  • postkort med arbeid frå ukjent norsk kunstnar

  • bokmerke laga av ein ukjent norsk kunstnar