Bursdagsringen er i aller enklaste grad fire delar av tre med hol til figurar. Men den kan bety så utruleg mykje meir enn det.
Måtar å bruke, og tenke om, bursdagsringen
-
Bursdagsring
Dekorer ringen etter personen som har bursdag. Tenn lys, finn eit hyggeleg bilete, og vel figurar som representerer bursdagsbarnets interessert. Eit tre til far som er glad i skogen, ein ballerina til storesøster, og kanskje ein kaffekopp til bestefar?
-
Eit lite alter
Sjå på bursdagsringen din som eit lite alter med ting som betyr mykje for deg. Kanskje har du ei stjerne som minnar deg om ein bortgått slektning, eller ei regnboge som påminning om at ting alltid blir betre. Bruk figurane som symbol og påminningar om ting du treng og ynskjer å bli minna på i kvardagen.
-
Lysestake
Kjøp små lys og bruk ringen som ein lysestake. Vær obs på å ikkje gå frå tente lys, då sjølve bursdagsringen er av tre.
-
Betydningsfull dekor
Bruk den som ein del av interiøret og pynt den med lys, blomar, foto og vakre figurar.
Det eg opplever som fint med bursdagsringen er korleis den ikkje ber om meir merksemd enn den du sjølv vel å gje den. Eg har ein del på nattbordet og sett opp gjenstander som betyr noko ekstra. Saknar eg kjærasten, sett eg opp eit bilete. Treng eg ei påminning om å vise takksemd, sett eg opp månen. Ynskjer eg påminning om å sjå magien i kvardagen, finn eg fram trollmannen. Og om eg rett og slett er litt gretten, sett eg opp Lille My.
Og du veit den følelsen av å hente fram julepynten og ta den opp frå fine bokser med silke inni. Litt den same kjensla får eg når eg finn fram og byttar ut figurane eg har i ringen. Dei betyr liksom med eitt noko meir.