
Heisann! Så hyggeleg at du tek turen innom mi vesle digitale verd. Eg heiter Ola G. Snippen og er ei kreativ potet.
Eg har gjeve ut eit par foto-bøker som du kan finne på skrivebordet mitt. I tillegg til fleire små magasin, kalla zines. Tekstilarbeid har alltid vore ein stor del av livet mitt som resulterte i merket kalla sovesveis. Merket er ein hyllest til dei handarbeidende kvinnene som oppdrog meg, det naturlege og ekte, og er ein kjærleik til det å kle seg.
Mitt arbeid kjem ofte frå ei undring over kven vi er som menneske, og kva som er meininga med livet. Eg vil kalle meg sjølv ein pessimistisk romantiker som deler impresjonistane sin tanke om at kunst skal være vakkert. Men det betyr ikkje at eg ikkje kan like det ekle innimellom. Eg lar meg fascinere av det ekte, ærlege og ynskjer å skape noko som sett i gong refleksjon.
Håpar du får ei fin tid her inne!