sovesveis ynskjer å tilby fargerike og naturlege tilbehør til den elles grå skandinaviske garderoben.


 

Eg trur på ein tidlaus basisgarderobe med rom for å leike seg med tilbehør. Sovesveis ynskjer å tilby fargerike tilbehør som kan passe til alle. Naturen er noko av det kjæraste me har, og sovesveis tilbyr produkt i naturmateriale som silke og ull. Det er betre for miljøet og sikrar produkt som kan vare i mange mange år med rett omsorg.

Sovesveis sin ekspertise ligg i plantefarga silkeskjerf, men eg lagar og anna tilbehør som skjerf, vesker, luer og meir. Plantefarging er ein gamal teknikk med lange tradisjonar, og målet er å nytte slike teknikkar i ein moderne setting.

Les meir om merkets verdiar og filosofiar:

 
  • I utviklinga av produkt har eg naturen i tankane. Filosofien er at naturen vil bryte ned produktet skulle det hamne i naturen. Målet er at produktet sett djupe spor i kunden, og null i naturen. Difor brukar eg i hovudsak naturege fiber som ull, silke, lin mm. i tillegg til å plantefarge garn og silkeskjerf. Eg trur at fibra sine naturlege kvalitetar er betre enn noko syntetisk.

  • Med rett omsorg, kan produkta vare i generasjonar. Frå erfaring, veit eg at ein tek betre vare på produkt ein verkeleg elskar. Eg er ikkje interessert i å selge deg mest mogleg, men best mogleg. Håpet er å skape tidlause produkt som kan brukast i generasjonar.

  • Med stor respekt for tradisjonshandverk, designar eg klassiske tilbehør med ein ny vri på tradisjonen. Eg ser ofte til bunadstradisjoar, for å skape noko nytt med eit tilsnitt av våre vakre tradisjonar.