Intervju med Fru Steen på Instagram
•Hvem er du. Fortell bittelitt om deg selv.
Eg er ein 25 år gamal kreativ gut med alt for mange hobbyar. For tida tek eg ein master i kunst, og forsøker å bygge opp ei bedrift kalla @kunstkontainern som skal bli eit mobilt galleri i ein shipping container. Kunst er ei stor interesse med andre ord. I tillegg er eg interessert i bøker, mote, fotografi og filosofi. Eg tenker på alt mogleg rart og elskar store og djupe spørsmål.
•Hvordan er penner og papir en del av dagene dine?
Eg har ei notatbok som eg brukar til alt mogleg. Der hamnar alt av notat, tekstar, teikningar, drodling, idear, gjeremålslister og foto. Nyleg laga eg eit skinn-etui med resteskinn frå Aurlands som passar A5, i tillegg til Moleskine sin Large, slik at eg kan bytte litt på.
Hva skriver/tegner du helst på?
Her har eg og blitt litt nostalgisk, og brukar den papir-rullen frå barneavdeling på IKEA. Slike hadde eg òg som liten, og rulla utover heile stovegolvet og teikna på. Det er ikkje så godt papir, for dei fleste blekk flyt utover, men det er likevel koseleg å bruke. No er notatboka mi Midori, som har eit fint kremfarga papir, som skin litt gjennom, men eg likar påminninga om at alt ein skriv er eit nytt lag i livet, eller tilværelsen om ein vil. Men min go-to er Moleskine sine notatbøker, gjerne dei for akvarell-maling. Kan liksom aldri slå feil med ein Moleskine føler eg.
Hvis det er noe jeg ikke har spurt om, og som du gjerne vil fortelle, så Fortell gjerne om det også.
Hmm, kanskje kvifor eg elskar papir og skriblerier? Det er i så fall fordi eg tenkjer penn og papir er det som skil oss frå andre dyr. Verda vart ein heilt annan for oss menneske når trykkekunsten oppstod, fordi bøker sprer kunnskap, kjensler og kunst. Eg elsker bøker, og notatbøker og skriveverktøy er ein naturleg utvidelse av det. I tillegg til at det er det mest grunnleggande verktøyet for å skape kunst, slik eg ser det.