Handlevogn 0
Handlevogn 0
notat-bok-merke
kr 49,00

Har du sakna noko å notere på mens du les? Her kjem løysinga. Denne notatboka printar du sjølv ut og brettar til ei lita notatbok som funkar som bokmerke.

Ved kjøp får du ei fil som du laster ned og kan bruke så mange gongar du har lyst. Lag ei ny notatbokmerke til kvar bok du les. Dei er ein fin måte å sjå tilbake på bøkene du har lest og kva du tenkte om dei.

Legg til i handlevogn
sitat eg ofte tenker på
kr 49,00

er ein minizine med sitat eg har samla frå bøker, film, artiklar og teater. Bruk den gjerne som start til refleksjon i ei stille eller stressande stund, eller diskuter med vener og familie, for å sjå kva samtaler som dukkar opp.

  • mini-zine I svart/kvitt på 8 sider

  • print og brett sjølv som illustrert på biletet

Legg til i handlevogn

 zine (frå magazine)

Ein zine er eit uavhengig, ofte heimelaga, trykt medie. Den kan innehalde fotografi, illustrasjonar, tekst m.m. Ofte har dei spesifikke tema og uttrykksformer. Ein klassisk zine kan printes og brettes enkelt heime. Mediet blir hylla for si demokratiske framtoning - her kan alle skape det dei sjølv vil, eller ser manglar i andre trykte medier.

sovesveis zine 001
kr 99,00

Den første utgåvava av sovesveis-magasinet er her!

Eit uavhengig lite magasin, kalla zine, om kunst, kultur, mote og anna viktig i livet. I denne utgåva får du fleire fotoseriar, tekstar om filosofien bak sovesveis, og strikkeoppskrift på farmors skaut.

  • A5-format, 20 sider

  • trykt og printa for hand

Ynskjer du å bidra i neste utgåve av zinen, gjerne ta kontakt!

Antall:
Legg til i handlevogn
sovesveis zine 002
kr 99,00

Den andre utgåvava av sovesveis-magasinet er her!

Eit uavhengig lite magasin, kalla zine, om kunst, mote og anna viktig i livet. I denne utgåva får du fleire fotoseriar, intervju med eit merke som lagar hudpleie på gard, og fargeleggingsside.

  • A5-format, 20 sider

  • trykt og printa for hand

Ynskjer du å bidra i neste utgåve av zinen, gjerne ta kontakt!

Antall:
Legg til i handlevogn
 
 
eit brev
kr 0,00

Bestill eit handskrive brev til deg sjølv eller nokon du tenkjer på. Brevet blir skrive til kvar bestilling og kan innehalde avisutklipp, polaroider eller andre små kunstverk. Prosjektet er ei kunstnarisk-sosial utforsking i mennesket sitt behov for å spreie eigne idear, og kva betydning desse kan ha for mottakaren. Kva du gjer med brevet du mottek, er heilt opp til deg. Du kan dele det i sosiale medier, bruke det som utgongspunkt til ei samtale med folk du er glad i, eller du kan brenne det. Mi makt er å skape brevet, og di makt er kva du vel å gjere med det. Kva vil skje?

Antall:
Legg til i handlevogn
 
image-asset.jpg